Det starta i Lundalen
Husa på fjellgarden Lundal har falle heilt ned etter at dei vart fråflytta i 1923, få spor, men historia går tilbake til minst 1661. I 1870 byrja produksjon av spekepølse. Stien frå Mosdal til Lundal vart opparbeidd først i 1877, før gjekk turen over fjellet frå Eikemo. Sandvikestølen er fallen ned, vanskeleg å finna spora etter at fjellbeitet stansa i 1965 og osteproduksjonen slutta i 1943. Til tider var det årleg rundt 1000 kje.
Mosdal vart fråflytta ca. 1960. Mosdal eigedommen vart kjøpt opp av sameiget tidleg på 1990-talet og det samla arealet for alle 3 felleseigedommar er anslått til 25 000 dekar (= mål).
I 1938 var første dokumenterte storflaum på Mosnes, så 1944,1962 og 1964. Rask uttapping av bre-demt vatn var hovudårsaka til flaumane. I 1938 gjekk m.a. skulestova i elva, tidlegare bustadplass for Hjortedal i nokre år, og Ytre Mosnes mista mykje mark tidleg 60-tal. I 1966 vart Mosnes fråflytta pga. elva og bustadhuset på Mosnes selt og bygd opp på nytt i Etne. Det står framleis! Alle fekk naturskadeerstatning*. Elva vart verna i 1993. Dei 8 hyttene og felleshuset vart i hovudsak bygd ferdig i 1998.
I 2005 vart Folgefonna nasjonalpark oppretta, areal er 545 km2 og isen er på det tjukkaste målte til over 500 m! Stor vassføring ofte etter 1962, seinast 2018, 2020 og 2023. I 2016 vart det bygd ei betre bruløysing til Glåmo, første brua du kjem til.
* I 1962 sokk vasstanden i Sauavannet med 30 meter i løpet av ei natt! Problem med storflaum noko redusert etter at Blomsterskardsvannet vart regulert fra1970 med tunnel over til Blådalsvassdraget og Blåfalli kraftverk i Kvinnherad, men tunnel vart blokkert av is i 1990 og ny overføringstunnel ferdig i 1995.
KJØTMAT FRÅ LUNDAL
Det var på fjellgarden Lundal oppunder Folgefonna på nordsida av Åkrafjorden i Etne Kommune det heile starta. Bonden Johannes Lundal hadde vore til Evanger og lært seg å produsera spekepølsa og kunsten med eldhusrøykjing der. Han hadde sauer og geiter på fjellbeite oppunder fonna. Desse slakta han om hausten og byrja å produsere ei mild og god fårepølse som blei heitande Åkrafjordpølsa. Fjellgarden Lundal ligg omlag 6 km opp frå sjøen (Åkrafjorden) så etterkvart blei det tungvint å bu og driva der. Familien flytta ned til Mosnes omkring 1923. Johannes og Ingeborg Lundal etablerte seg på Mosnes med hus og pølseproduksjon i 1934. I slakte- og pølsesesongen var det mange i arbeid på Mosnes og Åkrafjordpølsa vart kjend for god kvalitet. Der fortsette son og soneson med produksjonen av Åkrafjordpølsa fram til 1966.
I 1966 flytta bedrifta over til sørsida av Åkrafjorden, til Teigland. Det er her Johs.Lundal & Sønner held til i dag og blir driven av fjerde og femte generasjon Lundal. Ein brukar framleis dei gode gamle tradisjonsrike produksjonsmåtane, og Åkrafjordpølsa blir framleis produsert etter oppskrifta frå 1870. Eldhusrøyken er og ein viktig del i produksjonen.
Brødrene Lundal
I 1974 starta Lars, Olav og Sigmund bedrifta Brødrene Lundal på Frakkagjerd ved Haugesund. Dei driv også butikken Lundal Ferskmarked i Haugesund.
Lundal Nord
Olav flytta nordover til Breivik i Salten saman med kona Torill og borna i 1982. Hausten året etter starta dei med produksjon i nye lokaler i Breivik. I starten foregjekk det meste av salet i egien ferskvaredisk i Breivik, men har dei siste åra dreid over til å selga gjennom daglegvarehandelen i Salten og omegn.
Johannes var også i kjøtbransjen og lengste tida jobba han i Stabburet.