Fiske i Mosneselva

Fisket i Mosneselva, frå osen og til Tjøhølen (ca. 100 m. ovanfor Lakshølen) er strengt regulert av lov om fiske etter anadrom fisk (laks og sjøaure). Elva har dei siste åra vore open for fiske frå 1. juli til og med 15. september. Resten av året er elva freda og har ein fredningssone ved osen som strekker seg 100 m. på kvar side. Her er det forbudt å fiska etter lova. Dette gjeld også garnfiske.

Alle som fiskar i sesongen må ha løyst fiskaravgift til staten (unnateke born under 16. år). For medlemmer i Lundalfamilien er det slik at kvar eigarpart kan fiska med inntil to stenger samtidig. Pass på at du ikkje står for lenge på kvar plass. Slepp andre til. Osen er ein populær plass, så me har ein regel om max ein time på kvar fiskeplass.

For oss i familien er fisket gratis. Men du må skaffa deg eit grunneigarkort. Kontakt Magne Langåker (907 94 288) om dette. Om du har med venner som vil fiska, må dei kjøpa fiskekort. Det gjer ein på nett (elveguiden.no) eller via appen deira. Døgnprisen er kr 300,- og varer frå kl. 18.00 og til kl. 18. neste dag.

Fiskeforvaltinga krev at alle som fiskar må rapportera all fangst (også ingen fangst) kvar dag ein har fiska. All fisk på over 0,5 kg må takast skjelprøve av. Konvoluttar til dette finn du på veggen i felleshuset.

Frå 1. juli og ut skuleferien har me reservert fisket i elva til familien kvar helg i oddetalsveker. Elles leiger me elva ut til andre som vil fiska. Inntektene frå fisket går til drift og vedlikehald av eigedommane våre.

Fiske ovanfor Tjøhølen er fritt – og byr på flotte naturopplevingar!

Det er mange flotte fiskeplassar oppover dalen. Spesielt på Lono og i Lundal har det vore teke flotte fiskar. Men det er mange stader oppover elva som kan by på fin fisk.

Me vil oppfordra alle som er så heldige å få stor fisk på kroken til ein ting: Fisk over 1 kg bør du sleppa ut att i elva. Desse fiskane er viktige å ha i elva for å sikra ein god fiskebestand. Dei har yngel og småfisk på menyen. Hvis dei forsvinn, blir det berre masse småfisk att i elva.