Bruk av Mosnes

Visjonen er at Mosnes, Mosdalen og Londalen skal vera eit felleseige for etterkommerane etter Johannes og Ingeborg Lundal og skal forvaltast i fellesskap og fremja samhald og gode fellesopplevingar.

Fellesområdet

Felles grasplen ved fyr

Om du eller dei du har med deg brukar grasbakke til fotball eller andre aktivitetar så må du rydda etter deg så ikkje robotklippar får problem.

Trefelling av ved for eige bruk

Trefelling i verneområdet skal konsentrerast til bjørk, selje, gråor og framande treslag som gran, buskfuru og lerk. Unngå felling av varmekjære treslag som alm, ask, hassel, og dessutan osp og hegg. Gamle og døde tre skal stå igjen i verneområdet. Utanom verneområdet bør ein unngå å fella tre som bind opp jord i skråningar eller som står nær elva. Ikkje ta fleire tre frå same område om det ikkje er rydding i villskot frå uønskte artar. Primært er det uttynning som gjeld, og lat dei store trea stå. Rydd godt etter trefelling.

Knott, mygg og flått

I periodar kan det vera mykje knottar og myggar. For å redusera plage er det ein gassdriven mygg- og knottfelle på grasbakke bak felleshus. Fella må tømmast/blir halden ved like. Det finst flått også på Mosnes og i fjellet, men ikkje mykje, ikkje rapportert om sjukdomstilfelle til flått-senteret. Vern kjæledyra dine og tenk på kvar du går/ligg. Unngå berre legger i høgt gras.

Bålbrenning

Generelt, unngå søppelbrenning og merk det generelle bålforbodet i skog og mark frå 15. april til 15. september! Det er ein fast bålbrenningsplass i steinar ved sida av grasbakke ned mot elva som kan brukast for å brenna større mengder med brennbart materiale om det blir behov, vêret tillèt det og det blir halde brannvakt. (Søppel blir kjeldesortert og blir kasta normalt på Fjæra eller tatt med heim).

Teknisk rom

Alle 8 hyttene i sameiget har felles teknisk rom for straum og vatn. Teknisk rom er døra til venstre, nærast eldhuset, og skal vera låst. Nøkkel til teknisk rom er i innvendig høgre hjørne i eldhus, nær inngangsdør og nøkkel heng på ein spikar. I teknisk rom finst det noko utstyr og verktøy som kompressor, stor slagborremaskin, stor grastrimmar og ofte bensin til grasklippar og grastrimmar. Felles grasklippar står normalt under hytta på den næraste hytta. (Olav sin familie)

Vatn til hyttene kjem frå ein pumpekum i elva. I teknisk rom blir vatnet filtrert for sand og trykkregulert før det går ut til hyttene. Vatnet er normalt bakteriologisk reint, men kan ha partiklar når det er flaum i elva. Eigarar m/familie må m.a. følgja opp reingjering av sandfilter og følgja med på trykk i trykktank teknisk rom.

Straumfordeling med straummålarar skjer også via teknisk rom ut til sikringsskapa i hyttene. Sikringsskapet vårt er i gangen ved soverom.

Felleshus har fire inngangsdører, teknisk rom, baksterom, toalett som også kan brukast av elvefiskare (normalt ulåst) og eit bad med dusj og toalett. Nøklar til desse romma heng i teknisk rom. Bidra til å halda felleshus m/ toalett reint og etterfyll med såpe/ toalettpapir.

Dugnad og vedlikehald

Robotklippar og plenklippar

Plenen blir klipt automatisk av ein robotklippar. Om du bruker grasbakke så må du rydda etter deg så ikkje robotklippar får problem.

Fint om du ser etter at robotgrasklippar fungerer som han skal og fjernar oppsamla vått gras under klippar og rundt hjula. Kode robotklippar er 3007. Meld eventuelt frå om robotklippar har problem.

For å klippa området rundt felleshuset og eldhuset, nyttar ein grasklypparen som normalt står under hytta til Olav sin familie, nær felleshuset. Du treng ikkje venta på at andre skal klippa. du kan godt gjera det sjølv!

Dugnad

For at fellesområdet og hyttene i fjellet skal bli tatt vare på er det viktig at alle tar eit tak og ikkje ventar at andre skal gjera jobben. Kvart år arrangerer me som regel felles dugnadsdagar eller lagar liste med oppgåver som må gjerast og der du kan melda deg til ulike oppgåver.